NorevikaneVelkomen til ei av dei flottaste naturperlene langs Sognefjorden. Vårt feriesenter ligg på Fagernes ved Norevikane, langs vestlandet sine hovudveg, E39. Berre 15 minutt frå ferjekaia i Lavik. På vårt område finn du hytter, camping, badestrand, båtutleige, aktivitetspark, fjordfiske og vår renomérte restaurant. Fagernes er eit av dei eldste feriesentra på Vestlandet.
Hytter
Norevikane er eit perfekt utgangspunkt for ein ferie ved ein av verdas mest kjende og besøkte fjordar, og ligg dessutan svært sentralt til om du er på veg sørover mot Bergen ( kun to timer ) eller Stavanger, eller nordover mot Ålesund eller Trondheim. Vi kan garantere deg at ei overnatting hos oss gjer godt for sjela!
NAF CampI 2010 blei vi NAF Camp, og vi har plass til campingbilar, campingvogner og telt. Hovedhuset ligg midt på området. Der finn du restauranten og ikkje minst terrassen med plass til 150 gjester. Her kan du nyta god mat og drikke, medan du har ein fantastisk utsikt innover fjorden. Vi har og to flotte og svært populære strender, gjestebrygge, flott leikeområde og aktivitetspark for store og små gjester.
Restaurant & BarMed vår geografiske plassering mellom fjord og fjell, fell det heilt naturleg at vi har fokus på kortreist mat. Breiflabb, torsk og steinbit får vi frå fjorden, laks og aure frå elvene. Vi er lokalisert i eit område med mykje hjort, og vi har alltid tilgang på kvalitetskjøtt frå lokale produsentar. Vi tilbyr ei rekke ulike rettar, frå enkel brasserimat til a´la carte.
Aktivitetar Eit opphald på Fagernes er utgangspunkt for ein ferie full av positive aktivitetar. Ein fisketur på fjorden, eller ein fjelltur i nærområdet gjer godt for kropp og sjel.
På området har vi vår eigen villmarksleir med den store lavvoen som midtpunkt og mange spennande aktivitetar som er utfordrande for store og små gjester. Blant anna ei tøff taubane, pil- og bueskyting og mykje anna.
Private arrangementNorevikane har vore ein populær stad for bryllup og andre store festdagar i fleire generasjonar. Vi har lang erfaring og vi likar verkeleg det å laga til storfest! Vi har kapasitet til å ta imot om lag 100 gjester inne i hovedhuset. Medrekna terrassen har vi hatt slektstevner og andre tilskipingar med opp til 180 gjestar. I storlavvoen kan vi lage til heilt spesielle festar og kan dekke opp for opp til 70 gjestar.