|
|
kontakt oss
|
blog
|
værvarsel
|
finn oss her

Vårt flotte kurs og feriesenter ligg ved Norevikane, langs vestlandets hovudveg E39 og er ein av dei eldste og mest tradisjonsrike feriestadane i fjord-Norge. I år er det faktisk 75 år sidan fagforeninga på aluminiumsverket i Høyanger bygde dei første hyttene på Fagernes!

 

Senteret er eit glimrande utgangspunkt for opplevingar ved verdas lengste fjord. Vi tilbyr 11 velutstyrte hytter med 4 – 8 sengeplassar, alle med moderne kjøken og bad. Alle hyttene har anten terrasse eller koseleg uteområde.

 

Vi har og plass for campingbilar, campingvogner og telt. På Fagernes finn du og Hovudhuset med vår svært populære restaurant og bar, der har vi og fleire møte- konferanserom med plass til inntil 100 personar. Trådlaust nettverk er tilgjengeleg. Vi har to flotte og svært populære strender, gjestebrygge og flott og trygt leikeområde for barn. Vi har fleire båtar til utleige. Godt fiske både i fjorden og fjellvatn.

 

Hos oss er det heilårsdrift her på Norevikane. Ta kontakt om du har noko å feire eller noko du vil arrangere. Fagernes er ein flott stad og ha kurs for bedrifter. Ta kontakt for meir informasjon og tilbod! 

 

 

Fagernes
|
Vikum
|
6947 Lavik
|
+47 57 71 07 16
|
info@norevikane.com
|
©  www.norevikane.com